Nyhendebrev, 9. september 2011.

Kjære vener!

Her fylgjer ei lita oppdatering frå Murens. Vi sit no heime på Jønsrud i Løten og ser utover dei nydelege haustmarkene og føler oss takknemlege for alt det flotte vi får oppleve. Det er godt å ha Løten som vår base i Noreg. Vi har det godt, og ungane trivast både i skule og barnehage.

USA
 

Etter ein innhaldsrik tur til USA i sommar har vi hatt litt ferie i august og er no attende i full sving. Vi var i Los Angeles i nesten 6 veker i sommar og jobba der både med manus for Yeshua-filmen og møtte våre samarbeidspartnarar Ian Jessel og Tom Allen. Begge jobbar i filmindustrien og har stor tru på Yeshua-filmen. Vi var i USA i lag med Willy Ludvigsen og Kenneth Eriksen, som har produsert musikken for Yeshua, var også der.

 

Tom Allen var involvert i markedsføring av filmen The Passion og reiste rundt i lag med Mel Gibson for å promotere den filmen. Han trur Yeshua er ein type film som kan også treffe eit breidt publikum og som kan presentere Jesus på ein måte som apellerer til folk over heile verda.

 

Sjølv er han katolikk, og ser med stor forventing fram til at Yeshua kan kome ut til folk i den katolske verda, der svært mange ikkje har kjennskap til kven Jesus eigentleg er. Det er nettop det vi jobbar for og det er det som er målet med heile filmsatsinga.
 

Vi møtte også den kristne filmprodusenten Tom Newman i Tulsa. Vi har hatt kontakt med han i løpet av fleire år sidan vi sette opp The Covenant-musikalen i USA, og han har veldig tru på Yeshua-filmen. Han er veldig involvert i det som rører seg innan film og media i evangeliske kretsar i USA, og samarbeider med mange av dei store og kjende "ministries" vi her på berget ser på tv. Tom Newman er ein viktig samarbeidspartnar for det vidare arbeidet med Yeshua. Han har erfaring på finansiering og produksjon av filmar, og vil vere med å skaffe midlar til produksjonen frå USA saman med Tom Allen som har sitt nettverk i den katolske verda. Vi trur at USA er den viktigste marknaden for filmen og at også store delar av finansiering vil kome derifrå.

 

Framdrift
 

Vi gleder oss til det som ligg framfor oss, og vi jobbar etter planen med at filming startar i september/oktober neste år. Vi takkar for at de står med oss og ber for prosjektet vidare og vi er så takknemlige for alle partnarar som satsar med oss for å realisere Yeshua-filmen. Dei månadlege gåvene til stiftelsen er midlar som sørgar for at prosjektet har framdrift, og det er på grunn av desse at vi har kome så langt i prosessen.

 

Vil du vere med å støtte arbeidet vårt, kan gåvekonto 3991.05.65048 brukast. Vil du vere med som månadleg givar, kan du klikke her for å melde deg på med signering ved BankID.

 

Stiftelsen Covenant Ministries er no den største enkeltaktøren i filmarbeidet, der støtte og gåver frå enkeltpersonar og kyrkjelydar kjem inn, og også investerast inn i filmen Yeshua.

 

Mange takk til dykk alle som står med oss!
 

Helsingar,

Elizabeth og Robert Muren

Stiftelsen Covenant Ministries, org. nr. 994 060 813

Gåvekontonr. 3991.05.65048

www.CovenantMinistries.no



 

This message was sent from:

Stiftelsen Covenant Ministries | Jønsrudvegen 11 | Løten, 2340, Norway

Email Marketing by iContact - Try It Free!